Scarabeo fotoSaipem

Klarsignal for ny avgrensningsbrønn på Balderbrå

Foto: Saipem

Oljedirektoratet har gitt Wintershall Dea Norge AS boreløyve for brønn 6604/5-2 S.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6604/5. Brønnen blir bora om lag 120 kilometer sørvest for Aasta Hansteen-feltet i utvinningsløyve Balderbrå

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6604/6-1 for Wintershall Dea Norge AS i utvinningsløyve 894.

Boreprogrammet for brønn 6604/5-2 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 894. Utvinningsløyve 894 vart delt ut 10. februar 2017 i TFO 2016. Dette er den tredje brønnen som blir bora i løyvet.

Wintershall Dea Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS (40 prosent) og Petoro AS (20 prosent).